Om den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav.I Aldri god nok tek Jeswanthiny Mayooran oss med inn i ei verd der ambisjonar og forventningar frå foreldre formar livet til borna. For mange innvandrarar står legeyrket høgt på ønskelista, men kva skjer når draumen ikkje er borna sin eigen? Jeswanthiny gav etter for presset og valde medisinstudiet, trass i manglande interesse. I dag er ho overlege i psykiatri. Kva har dette valet eigentleg kosta henne? Gjennom personlege skildringar reflekterer ho over forholdet til foreldra og byr på eit ærleg innblikk i den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav. Dette er ei bok som vil treffe mange, både dei som har kjent på presset, og dei som ønskjer å forstå kva som ligg bak. Det prøver denne boka å svare på.I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Våren 2025 kjem det fem nye titlar i serien. Bøkene gir eit unikt innblikk i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk.
| Bokhandel | Pris fra | Pris oppdatert |
|---|---|---|
![]() | kr 259,-Laveste pris | 09.07.2026 |
![]() | kr 272,- | 09.07.2026 |
![]() | kr 299,- | 09.07.2026 |
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.
