Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar gir ei samla og brei framstilling av det barnelittterære feltet. Boka kombinerer litteraturteori og sjangerkunnskap med perspektiv på didaktikk og formidling. Eit rikt utval teksteksempel frå norsk og omsett barnelitteratur syner mangfaldet i barnelitteraturens uttrykk og tematikk. Boka er viktig for studentar i barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanninga, og for andre som søker kunnskap om barnelitteratur. Denne 5. utgåva er grundig revidert og oppdatert med nyare teoriorientering og teksteksempel. Eit kapittel er nyskrive for denne utgåva. Kapittel 1 reflekterer over lesing som individuell og sosial hending. Kapittel 2 drøftar barnelitteraturens estetikk med vekt på barneperspektivet som karakteristisk forteljarposisjon. Kapittel 3 drøftar kva som skjer når ord og bilde møtest, med vekt på bildeboka som medium. Kapittel 4–7 framstiller utbreidde barnelitterære sjangrar og teksttypar: eventyr og fablar, prosaforteljingar, lyrikk og
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
