Det finst mange kvite flekkar på det bygningshistoriske kartet over Noreg. Denne boka tek for seg reiste konstruksjonar over eit tidsspenn på nesten 900 år. Med dette blir det farge på denne viktige delen av byggjeskikken vår. Denne boka er ei revidert utgåve av den som kom ut i 2009. Den første skissa til bok om dette temaet kom på TI-forlaget i 1994. Det er i hovudsak redaksjonelle endringar vi har gjort i denne utgåva, først og fremst ved at figurar har fått tekst. Dertil er det gjort nokre presiseringar, og vi har retta feil. Vi vonar omredigeringa fell i smak, og at boka blir lettare å lesa. Grunnlaget for framstillinga ligg i ein omfattande dokumentasjon av ståande byggverk kombinert med aktiv utøving rettleidd av tradisjonsberarar. Samhandling er stikkord. Forfattarane har lært seg arbeidsmåtar ved å byggje ulike slags hus saman med eldre handverkarar. Vi vågar å kalle desse dei siste representantane for ein lang tradisjon. Den måten å sjå bygget på som tradisjonsberarane
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
