Kvinnesaksforkjemparen Betzy Kjelsberg (1866-1950) gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne. Ho var blant anna den første kvinna som sykla i Drammen, den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg, den første kvinna i sentralstyret i partiet Venstre og den første kvinna som tok ordet på den internasjonale arbeidskonferansen i Washington i 1919. Kanskje var ho også den første kvinna som irettesette ektemannen sin frå talarstolen på eit offentleg møte - iallfall i Drammen? Lista over alt Kjelsberg var først med er lang. Magnhild Folkvord har skrive den første biografien om Betzy Kjelsberg, ei modig kvinne som våga seg inn på område der menn tidlegare rådde grunnen åleine.
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
