Bitcoin vart skapt av Satoshi Nakamoto – eit namngjete og ikkje minst japansk nom de guerre. Oppfinninga hans er ei «finkorna» mynteining, eit digitalt betalingsmiddel og – i stadig større grad – eit spekulativt investeringsobjekt.Men mest av alt er bitcoin eit internasjonalt fenomen: Bitcoin endrar politikk og samfunn på tvers av landegrenser; denne fyrste og «største» kryptovalutaen ovrar seg òg i form av nymotens graffiti, luksusartiklar og talmagi. Og ytringsfridom?Bitcoin er forunderleg. Og lyt skrivast om på moderne japansk vis: tekst tufta på nyfikne langferder.---Morten Søberg arbeider som generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg og sit i Noregs Banks representantskap. Han har tidlegare vore statssekretær i Finansdepartementet, direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og sivilarbeidar hjå Noregs Mållag. Han har før skrive sju sakprosabøker om økonomi, politikk og nynorsk skriftkultur.
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
