Tretten år i tredje etasje I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene. På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt. «Blokka på Bjerke» er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane, sorger og gleder, nære vennskap og endringane som har skjedd med både området, blokka og Hatterud sjølv.
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
