Den første fullstendige bibelomsetjinga til nynorsk, Bibelen eller Den heilage skrifti: Dei kanoniske bøkerne i Det gamle og Det nye testamentet, kom ut i 1921. Utgåva gjekk som oftast under namnet «Fyrebilsbibelen». Det mellombelse i nemninga er berre eitt av fleire påfallande trekk ved utgåva. Eit anna er ugjevaren: «Utgjeven av bibelnemndi aat Studentmaallaget i Oslo», står det på tittelsida, ikkje «Det norske Bibelselskabs Forlag», som ventande var. Eit tredje er arbeidsmåten. «Fyrebilsbibelen» var eit stort dugnadsprosjekt med heile tjue ulike teologar og lekfolk som omsetjarar. Kvifor vart det slik? Kva var bakgrunnen for omsetjinga? Korleis vart ho til? Kva karakteriserer bibelutgåva? Korleis vart ho motteken, og kva har ho hatt å seie? Dette er spørsmål som forfattarane undersøker i denne boka, skriven til hundreårsjubileet for utgjevinga. Per Halse og Anders Aschim har begge drive omfattande forsking om framveksten av nynorsk kyrkjeleg skriftkultur, og dei har publisert
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
