Den kompetente barnehagen handlar om korleis leiing kan utøvast for å skape felles læringskultur for å utvikle barnehagen sin pedagogiske praksis. Boka byggjer på tre doktorgradsavhandlingar som belyser ulike sider av praksis i norske barnehagar: observasjon, kollegarettleiing i gruppe, fleirkulturell kompetanseheving og samarbeid med føresette. Fellesnemnaren er eit fokus på endring og utvikling av praksis gjennom læring og kritisk refleksjon i fellesskap. Teoriforankringa vektlegg at ein som deltakar i eit praksisfellesskap er del av ein kultur og ein felles kontekst, med rammer og føresetnader, der personalet saman arbeider for å realisere rammeplan for barnehagen sine intensjonar i møte med barn og føresette. Forfattarane framhevar at det er avgjerande med eit systemisk perspektiv på leiing i barnehagen, der ein saman skal nå organisasjonen sine mål og sikre kvalitet i arbeidet i barnehagen. I denne boka er hovudfokuset avgrensa til barnehagen som organisasjon, det vil seie til
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
