I denne boka finn det stad eit møte mellom Arne Garborg og Helge Torvund. Med nøyaktig hundre års mellomrom vart desse to poetane fødde på Jæren, og i denne boka viser Torvund korleis det å lesa Garborg har påverka og endra han, og korleis han på si side gjengjelder dette ved å endra og omskapa utdrag, brokkar og fragment frå Garborg sine dagbøker, brev, forteljingar og romanar i form av dikt. Språket i diktene er modernisert, oppsettet er endra, men den som leiter i originalskriftene vil finna att mykje der. Torvund har laga sjølvstendige, nåtidige dikt som samstundes tek vare på noko av essensen i Garborg sin poetikk. Der hegre stig er en samling vakre, ville, vridde og varierte dikt.«Helge Torvund får eit grep om Arne Garborg som sistnemnde aldri kan få. (...) den spesielle skrivesituasjonen gjer at lesaren ikkje heilt stolar på vurderingsevnene sine. Berre det tykkjer eg er interessant og tankevekkjande.» Kjetil Berthelsen, Dag og Tid

Tilgjengelig fra kr 379,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.
