Få diktsamlingar er så ettertrykkeleg blitt fordømde og verdskjende som Charles Baudelaires Les Fleurs du mal. I overgangen mellom romantikk og symbolisme markerte desse dikta sjølve vendepunktet i den europeiske lyrikken, der det moderne storbylivet stig fram, overmåte fascinerande og sorgfullt på same tid. Med denne store samlinga er ei stor gjerning av gjendiktar Haakon Dahlen avslutta for å gjere dette hovudverket tilgjengeleg samla og komplett for fyrste gong. Boka omfattar samtlege dikt frå 1868-utgåva, der dikta i bolken 'Vrakgods' er med, og inneheld óg dei seks forbodne dikta fra 1857-utgåva. Det vondes blomar er Charles Baudelaire (1821-1867) sitt hovudverk og er kanskje det lyriske verket som har vore viktigast for moderne europeisk og amerikansk poesi. Baudelaire var óg ein kjend kunstteoretikar i si samtid.
| Bokhandel | Pris fra | Pris oppdatert |
|---|---|---|
![]() | kr 135,-Laveste pris | 22.05.2026 |
![]() | kr 169,- | 22.05.2026 |
![]() | kr 181,- | 22.05.2026 |
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.

Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da den ikke er en del av hovedutvalget vårt.