«Lyrikken er den finaste form for dikting. Den opphavlege og evig rette form i grunnen. Der er alt det som strøymer gjennom eit menneskesinn konsentrert i eit par små vers. Derfor er det eit gamalt ord som seier at poesien er gudanes tungemål.» Slik opna Tarjei Vesaas ei forelesingsrekkje om lyrikk på Nansenskolen i 1939. Sjølv var han 49 år da den første diktsamlinga hans, Kjeldene, kom ut i 1946. Lyrikkdebuten innvarslar Vesaas’ viktigaste diktarperiode. Med Kimen (1940) dreiar forfattarskapen frå realistiske skildringar til ein meir fortetta symbolsk modernisme. Kanskje ikkje tilfeldig at det er no Vesaas også finn seg sjølv som lyrikar? Sjølv uttalte Vesaas at det var då dei rimfrie dikta byrja å kome at han for alvor fekk lyst til å prøve seg i denne sjangeren. Og etter Kjeldene losna det. No følgde fleire sterke samlingar med dikt: Leiken og lynet (1947), Lykka for ferdesmenn (1949), Løynde eldars land (1953), Ver ny, vår draum (1956) – alle med i denne boka. Jon Fosse har

Tilgjengelig fra kr 199,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da den ikke er en del av hovedutvalget vårt.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.