«Kvar den som er av sanning, høyrer mi røyst», seier Jesus. «Kva er sanning?» svarar Pontius Pilatus. Som vi veit, sigra Jesus Kristus på krossen i det romerske imperiet. Er suverenitet personleg som hjå Jesus? At ein i eitt einaste blikk, med eitt einaste ord, kan oppheve heile samfunnsordenen? Politisk teologi handlar om evna til å vere diktator. Tanken om eit suverent diktatur ubunde av juridiske fullmakter oppstår for alvor i mellomkrigstida. Carl Schmitt, som var Hitlers «kronjurist», hevdar dette synet. Hans Kelsen tek det motsette synet og vil kvitte seg med suvereniteten, den til folket òg, som han meinte førde til imperialisme og krig. Han inntek Pilatus’ posisjon. Denne boka fylgjer dei båe. Personleg suverenitet var heilt avgjerande for både USAs og Vestens erobring av verda. Som antiimperialistisk motstand oppstod ein ny personleg suverén i form av partisanen. Denne verdssoga råmar inn striden mellom Schmitt og Kelsen i boka. Nils Rune Langeland (f. 1964) er historikar. Han har skrive Siste Ord. Høgsterett i norsk historie 1814–1905, essaysamlingane Kveldseta og Noreg, forutan reiseskildringane Europa. Ei krossferd og Frihetens grense. En reise langs Natos nye frontlinje.
Historisk lav pris
Den laveste prisen vi ser nå er den laveste vi har registrert for denne boken. Det kan være et godt tidspunkt å kjøpe.
| Bokhandel | Pris fra | Pris oppdatert |
|---|---|---|
![]() | kr 399,-Laveste pris | 02.06.2026 |
![]() | kr 399,-Laveste pris | 02.06.2026 |
![]() | kr 399,-Laveste pris | 02.06.2026 |


Tilgjengelig fra kr 399,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.