Denne boka er ei aktuell og oppdatert framstilling av Sovjetunionens historie, frå revolusjonane i 1917 og unionsavtalen i 1922, til oppløysinga i 1991. Sovjetunionen var eit heilt sentralt kapittel i europeisk og global 1900-talshistorie, og verda er framleis prega av arven frå unionen, 30 år etter at han forsvann. Sovjetunionen var eit forsøk på å skapa ein stat for den frigjorde arbeidarklassen og for frigjorde nasjonar. Dei sovjetiske folka var likevel ikkje frie, og Sovjetunionen kom til å bli ei vidareføring av Det russiske imperiet frå før 1917. I unionen av sovjetrepublikkar fanst det mange spenningar mellom sentralmakta i Moskva og dei ulike regionane, og sovjetisk nasjonsbygging og nasjonsundertrykking får ein sentral plass i boka. Dei ulike kapitla tek også føre seg den marxistisk-leninistiske ideologien og eittpartistaten, og syner korleis Sovjetunionen vaks fram som eit storstilt og brutalt moderniseringsprosjekt med planøkonomi og femårsplanar, fangeleirar, utreinskingar
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
