Historisk roman om skam, urett og overtruJosefa er femten år gammal då faren ror henne over fjorden der ho skal gå i teneste på storgarden Li. Trass i saknet etter familien trivst Josefa blant tenestefolka på garden, og særleg Sara blir ein nær ven.Men alt er ikkje like fint som det verkar på Li, og snart får Josefa erfare kva det er som ligg og ulmar under overflata. Før det blir morgon handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet.Aina Basso skildrar historia på ein sanseleg og truverdig måte. Det er noko tidlaust over måten ho skriv om kjenslene, tankane og draumane til Josefa på. Samstundes viser ho fram ein røyndom der dei fleste menneske var prisgitt overmakta.
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
