Få diktarar – mannlege så vel som kvinnelege – kan måle seg med Sapfo (fødd kring 610 f.Kr.) når det gjeld påverknad på ettertida. I antikken fylte dikta etter Sapfo heile ni papyrusrullar, og ho var sitert og kommentert hjå ei rekkje av dåtidas lærde og poetar. Med tida gjekk store delar av verket hennar tapt. Dei få strofene vi framleis har, lèt oss like fullt ana klangen av ei særeigen og kraftfull, lyrisk stemme. Fragmenta etter Sapfo skildrar erotisk kjærleik, men også familiekjærleik, politikk, religion og moral. At Sapfo kom frå øya Lesbos og skildra kjærleik mellom kvinner, er bakgrunnen for ordet «lesbisk».Per Esben Myren-Svelstad gjev oss her den fyrste komplette gjendiktinga av Sapfo til norsk, inkludert dei heilt nye papyrus-funna som vart publiserte i 2004 og 2014. Denne gjendiktinga har difor med fleire fragment som til no ikkje har funnest på norsk. Slik opnar gjendiktinga for at Sapfo skal kunna tala til nye generasjonar med sin meisterlege og manande poesi.Bokmeldarane meiner: «Myren-Svelstads Sapfo-bok er så grundig og velordnet som en vitenskapelig utgave [...] Det betyr ikke at boken er uleselig for andre enn eksperter; tvert imot, den er pedagogisk anlagt og lett tilgjengelig. Den 17 sider lange innledningen er en av de beste introduksjonene til Sapfo jeg har lest på noe språk.»Amund Børdahl, Vårt Land
| Bokhandel | Pris fra | Pris oppdatert |
|---|---|---|
![]() | kr 369,-Laveste pris | 08.07.2026 |
![]() | kr 390,- | 08.07.2026 |
![]() | kr 390,- | 08.07.2026 |
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.