Innsiktsfullt om å skrive og skape. Terningkast 6 i VG: Ikke la deg skremme av tittelen på denne boken. For dette ER Ferrante: For et språk, for en forfatter! Elena Ferrante fanger leseren på helt ny måte denne gangen. Ei heil verd har lese Elena Ferrantes romanar frå Napoli. Endeleg kjem boka der vi får møte forfattaren, i skrift, på heimebane. Dette er rike og kloke essayistiske tekstar og det næraste vi kjem verdsforfattaren. Boka tek oss med til arbeidsrommet til Elena Ferrante, ein kompromisslaus forfattar med ein altomfattande lidenskap for litteratur. I brev, intervju og essay snakkar ho om korleis bøkene blir til, og kvifor det er heilt nødvendig at ei bok får leve sitt eige liv - frigjort frå forfattaren. Ho drøftar tema ho er oppteken av, blant anna morskap, feminisme, psykoanalyse, film og litteratur. Ho skriv om barndommens mektige lager av fantasi og førestillingar, og om minnefragment - og frantumaglia - som blir til forteljingar. Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
