Dette er forteljinga om fjella Hurrungane i Jotunheimen. Og om kvinnfolk som har levd med dei og klatra mot dei - eller ikkje brydd seg om dei. Forfattar Sigri Sandberg har leitt langt attende i vår staute fjellhistorie for å spore opp nokre av desse kvinnene. For var alle jegerar i vikingtida menn? Og når byrja kvinner å klatre? I boka fortel Sandberg om korleis Norges flottaste alpine fjellområde vart til, om mytologi og jotunkvinner, fangst og budeier. Ho skriv om romantiseringa av fjella på 1800-talet, om framveksten av moderne fjellsport og om kvinner i skjørt på veg mot toppane. Sandberg trekk linjer frå urgamal tid til i dag, og sommaren 2015 klatrar forfattaren sjølv mot dei kvasse tindane. Med 'Frykt og jubel i Jotunheimen' får desse fjella, nokre av Norges fremste nasjonalsymbol, si unike historie fortalt.
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
