Geiranger er ein av Noregs mest besøkte fjordarmar. Med båt, bil eller til fots, valfartar tusenvis av turistar frå både inn og utland til denne vesle bygda inst i Geirangerfjorden, den inste delen av Storfjorden. Heile fjorden, med fjella rundt, fekk verdsarvstatus i 2005, og hegnar om eit heilt eige særpreg i det vestnorske fjordlandskapet. Forfattar og fotograf Ingeborg Refsnes har gjennom eit år teke bilete og besøkt denne verdskjende fjorden, og tek oss med seg rundt i verdsarvsområdet for å vise oss dei høge fjella, den djupe fjorden og alt som ligg midt i mellom. Boka vert utgitt i serien Skalds turistbøker, der det i 2018 vart gitt ut bok om Flåmsbana.
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
