Om nokon hadde arrangert ein konkurranse i å vere 16 år, ville Inga komme på sisteplass. For sjølv om ho er flink i alle skolefaga, har fleire gode venner og er godt likt, får ho ikkje til det dei andre jentene i klassen får til. Nemleg å gå på festar, drikke seg full og vere med gutar. Ein måndag kjem bestevenninna hennar på skolen og fortel at ho har gjort det med ein gut. Da skjønner Inga at ho også må øve seg på å vere 16 år. Det er ikkje så lett når ho ikkje har talent, når ho ikkje anar kven ho kan stole på, og når ho eigentleg ikkje tør. Den einaste guten Inga vil vere med, er Nils. Ho vil sitte med han på skolebussen, bade med han i tjernet og sove ved sida av han på telttur. Men ho kan vel ikkje gjere det med han? Ho har jo kjent han heile livet.

Tilgjengelig fra kr 259,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da den ikke er en del av hovedutvalget vårt.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.