Å dikte er ein strid på liv og død, og det diktaren kjempar mot, er sin eigen undergang. Livet er forgjengeleg, og det gjeld å halde fast på det vakre, det opphavlege og reine. Diktarane i denne samlinga kjempar mot undergangen på kvar sin måte. Dei er fire diktarar frå dei britiske øyane, frå England, Skottland og Wales, med kvar si særeigne stemme og biletverd. William Shakespeare (1564-1616) held i sine sonettar fast på biletet av sin kjære. Kven denne kjære er, veit vi ikkje. Men dei fire hundre år gamle dikta står som lysande freistnader på å halde dette biletet fast i rim og rytme. For Dylan Thomas (1914-1953) er det diktarens eige sinn, i møte med det forgjengelege livet og den trugande døden, som får sitt uttrykk i dikt. Vi kan nesten kjenne den glødande intensiteten i striden, der Thomas kjempar over skrivebordet, medan haugen av samankrølla ark blir større og større på golvet. For Ronald Stuart Thomas (1913-2000) er det sjølve det menneskelege som er truga av undergang i
Pris fra: 149,-
Pris fra: 180,-
Pris fra: 299,-
Pris fra: 318,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
