Romanserien Juvikfolket kom ut i seks band i åra 1918-23. Den følger slekta frå Juvika frå ei mytisk og ubestemmeleg fortid, og fram til det som var samtid då verket kom ut. Vi møter juviking.ane i kvardag og helg, uår og godt år, barnsøl og gravøl, på fiske og i arbeid med jord og dyr. I eventyret høyrer til Duuns lysaste romanar. Sjølv om den også inneheld overtru, skuffingar, einsemd og såre opplevingar, ligg det ein stor blå himmel over vesle Odin og livet hans i Kjelvika, der han undrast over den levande naturen, leiker med skjel, utforskar farar og får sine første kjærleiksmøte. I eventyret er fjerdet bandet av Juvikfolket, og det første om Odin Setran, som kjem til å bli hovudperson i resten av serien. Mange tilrår nye Duun-lesarar å begynne med nettopp denne boka, som utan tvil høyrer til blant dei store barndomsskildringane i norsk litteratur, side om side med Aksel Sandemoses om Espen Arnakke, Johan Borgens om Lillelord og Torborg Nedreaas' om Herdis. Med Juvikfolket fekk
Pris fra: 180,-
Pris fra: 259,-
Pris fra: 272,-
Pris fra: 273,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
