Kråkene samlar seg i den vesle skogklynga ved huset vårt i skumringa. Eg begynner å forstå at eg har hatt ein barndom, at barndommen min var dette huset, desse menneska, kva dei lærte meg, måten dei var glade i meg på utan å seia det. Eg har ikkje blitt den eg vil vera, ikkje enno, men det er ikkje deira feil. Eg har ein jobb å gjera.Kva gjer ein når ein ikkje finn plassen sin nokon stad, ikkje eingong i sin eigen kropp? Ida leiter hos den nye naboen, som er bilethoggar, ho leiter i verkstaden hennar, i huset hennar i Italia. Ho leiter i det framande språket, i smakane og luktene, i vinen som ho blandar ut med vatn. Og ho leiter i ei marmorblokk, søkjer etter ei kvinneform i den harde steinen. Idas italienske reise skal setja djupe spor i den unge jenta.Ida i Italia er eit portrett av kunstnaren som ung kvinne, ein klassisk danningsroman i ei stram og moderne form. Ingrid Z. Aanestad skriv med autoritet og opne sansar om den livreddande krafta som kan finnast i kunst og venleik - og om å akseptera det uferdige.

Tilgjengelig fra kr 369,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.