Globetrottaren Gunnar Garfors er kjent for å ha besøkt alle verdas land to gongar. På sine turar har han opplevd stader, situasjonar og menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Dette vert det gode reisetips av. I arbeidet med boka 'Ingenstad. På tur til verdas minst besøkte land' har han reist attende til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Når Garfors er på reise, er det nyfikenheita som driv han. Hans unike og opne vesen kan minne om måten barn møter verda på. I 'Ingenstad' har han vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Lesaren vert teke med på ei personleg ferd og kjem tett på menneska forfattaren har møtt i land som Afghanistan, Turkmenistan, Nauru, Mauritania og Komorane. Nokre av dei har du knapt høyrt om, andre gir neppe andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I 'Ingenstad' møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen - landet som ein gong hadde fleire hundre tusen
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
