Jorda rundt på 80 dagar er ein eventyrleg reiseroman. Den eksentriske engelske gentlemannen Phileas Fogg gjer eit veddemål om noko som i 1872 blei rekna som heilt umogleg: å reise jorda rundt på 80 dagar. Saman med den hjartegode og snarrådige tenaren Passepartout legg Fogg i veg på reisa gjennom Europa, Asia og Amerika med alskens farkostar – tog, båt, slede, til fots og til og med på elefantryggen. I eit nervepirrande kappløp med tida møter dei ukjente og eksotiske folkeslag og kulturar, og på heile reisa blir Fogg dessutan forfølgt av politidetektiven Fix, som mistenker Fogg for å vere bankranar. Denne uforgløymelege klassikaren er kjent for si spanande handling, fargerike karakterar, levande miljøskildringar og innsikt i teknologiske nyvinningar. Boka er ikkje berre underhaldande, men og uvanleg lærerik, og blir rekna som ein av de første science-fiction-romanane i vedslitteraturen. Dette er den første komplette utgåva av Jorda rundt på 80 dagar på nynorsk.
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
