«Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket.Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og ho var i livets teneste i meir enn femti år.Marta Kristine visste kven ho var. Ho stod støtt både når mistrua mot henne som jordmor var sterk, og da mannen fekk utfordringar som var for store for han å bera.Ut frå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Dette er ikkje berre ei forteljing om framveksten av det viktige jordmoryrket, men o.g ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør.Med denne romanen har Edvard Hoems slektskrønike, som opnar med «Slåttekar i himmelen» (2014), fått eit dramatisk forspel. Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter der.Romanen bygger på «Jordmor på jorda» (2008), ein roman som blei skriven på oppdrag frå Den norske jordmorforening. Denne romanen, som har fått tittelen «Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» (2018), er kraftig revidert og utvida.
| Bokhandel | Pris fra | Pris oppdatert |
|---|---|---|
Brukt | kr 99,-Laveste pris | 08.07.2026 |
![]() | kr 339,- | 08.07.2026 |
![]() | kr 363,- | 08.07.2026 |
![]() | kr 363,- | 08.07.2026 |
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.