Her kjem oppfølgjaren til Harastølen-boka!Noreg var blant dei landa som lobotomerte flest menneske, unge som vaksne. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner», og kvifor held legane fram med å lobotomera i fleire tiår etter at medisin var kome på marknaden? Mannen bak metoden fekk Nobelprisen i medisin. Ingen snakka om dei titusenvis av menneska som døydde eller fekk liva sine øydelagde etter inngrepet.Under arbeidet med boka om Harastølen oppdaga Oddrun Midtbø ein slektning som skulle gøymast og gløymast. Var grandtante, Juliane Marie, som var innlagt som «sinnssjuk» i over 60 år, blant dei lobotomerte kvinnene?Kampen for innsyn i pasientjournalen er den raude tråden i denne sterke forteljinga.Midtbø tek vekk sløret frå eit av dei mørkaste kapitla i behandlinga av personar som var psykisk sjuke, eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet på den tida. Du møter lobotomistane, og dei som nekta å utføra det media hausa opp som «mirakelkur», men som mange pasientar opplevde som rein tortur.I boka blir du kjent med lobotomerte som fortel om kva dei opplevde, og nokre av dei som heltemodig kjempa for rettferd for dei lobotomerte.Kulturrådet har kjøpt inn boka til alle biblioteka i landet.
| Bokhandel | Pris fra | Pris oppdatert |
|---|---|---|
![]() | kr 499,-Laveste pris | 04.07.2026 |
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.
