Det finst teoriar om at morskjærleiken er den opphavlege forma for kjærleik, medan andre former, som den romantiske, er mutasjonar, og at morskjærleiken slår inn og endrar hjernen til alle som tar ansvaret for eit lite barn over tid. Men kva får eit menneske til å ta barna sine med seg og hoppe frå balkongen? Kva anna enn vondskapen i verda? At mørket har trengt inn i dei? 'Mare' blei utropt til kultframsyning straks etter premieren på Det Norske Teatret i 2019 og vann Ibsenprisen for beste scenetekst året etter. Stykket tar utgangspunkt i eldre versjonar av Medea-myten - her er skulda for barnemorda ikkje så klar som i den forteljinga som har dominert i ettertida - og undersøker skiftet som kan anast i myten, frå det ekstatisk feirande jordbrukssamfunnet der kvinner hadde ein sterk posisjon, til dei nye bystatane der kvinnene blei overkøyrde og logikkens lys og lamper blei tende, kanskje overtende. Vi møter ei handfull fascinerande skikkelsar på veg ut av det klassiske teaterets
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
