Nøklar til Noreg er eit læreverk i norsk berekna på vaksne innvandrarar. Verket følgjer Læreplan i norsk for vaksne innvandrarar (2021), og denne boka dekker måla til læreplanen for B1-nivå. Nøklar til Noreg består av 7 leksjonar og trenar språkkompetansen på B1-nivå: å snakke, å skrive, å lytte, å lese, å samtale og å mediere. Verket bygger vidare på Ny i Noreg og leiar fram mot Nøklar til Noreg for B2-nivå. I alle dei tre læreverka arbeider deltakarane med språket i praksisnære og gjenkjennelege kommunikasjonssituasjonar der språket er nivåtilpassa og relevant for det språklege behovet til innlæraren. Gølin Kaurin Nilsen har lang undervisningserfaring i språkopplæring for innvandrarar og har skrive fleire læreverk i norsk som andrespråk. Ho har også skrive det bruksbaserte grammatikkverket På nivå. Nøklar til Noreg består av: Tekstbok Arbeidsbok Nettressurs for deltakar og lærar
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
