Norsk språkhistorie for lærarar er skreddarsydd for grunnskulelæraren, og denne andre utgåva av boka inneheld eit heilt nytt kapittel om språket i dansketida. Sentralt i Kunnskapsløftet 2020 står språkleg mangfald, variasjon og endringar i fortid og samtid, og i denne grunnleggjande innføringa tek forfattarane føre seg desse temaa i eit historisk perspektiv: frå urnordisk, norrønt og mellomnorsk til språket i dansketida, og til slutt fram til moderne norsk. I boka er det lagt stor vekt på å visa skulerelevansen til fagstoffet og korleis dette kan bli formidla i klasserommet. Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er filolog, og er oppteken av tekst, språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv. Budal har tidlegare mellom anna skrive om grammatikk og grammatikkdidaktikk, nynorskdidaktikk og norrøn omsett litteratur. Karine Stjernholm (fødd 1978) er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Østfold.
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
