På Ole Bull si tid var spelemenn musikantar som spela i bryllaup, på marknadene og til fest og dans. Ole Bull tok folkemusikken på alvor og opna for nye arenaer og tilhøyrarar. Verdsstjerna Ole Bull gav hardingfelemusikken og spelemennene ein plass på scena. Han stimulerte dei til å stå fram med slåttemusikken og til å forme tradisjonsstoffet for scenisk bruk. Spelemennene tok tak i det nye formatet og skapte sin eigen konsertmusikk. I tida før og etter førre hundreårsskiftet blei denne musikken, som på den tid blei kalla «nasjonalmusikk», populær og ein viktig del av nasjonsbygginga i Noreg. Spora etter Ole Bull og generasjonen med konsertspelemenn er tydelege i vår tid. I dag spelar unge folkemusikarar for eit stadig større publikum, i mange forskjellige format, og blandar samen ulike stiltrekk og musikkgenrar. Folkemusikken er spel levande. Om forfatterne: Håkon Asheim er førsteamanuensis med musikk hovudfag frå Universitetet i Oslo. Han er tilsett som studieleiar ved Ole Bull
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
