Som vernepleiar må ein balansere mange omsyn, og handtere krysspress frå fleire aktørar. Brukarar skal behandlast med respekt og omsorg, ein skal samarbeide godt og effektivt med andre profesjonar og sikre høg kvalitet i eigen profesjonell praksis. I slike situasjonar kan ulike krav og forventningar ofte komme i konflikt med kvarandre. Dette er utgangspunktet for denne innføringsboka i profesjonsetikk i vernepleie. I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt; for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. I andre del av boka ser ein på vernepleiarrolla, kva normer og verdiar som ligg til grunn, og kva utfordringar og problemstillingar som pregar arbeidskvardagen. Her står sjølvbestemming og beslutningsstøtte sentralt, men problemstillingar rundt fordommar og diskriminering, konflikthandtering og det å tale den svake parts sak blir også grundig behandla. Avslutningsvis blir forskingsetikk behandla i eit eige kapittel. I den reviderte utgåva av boka får
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
