Å skrive er eit forsøk på å stanse den flytande straumen av alt umogeleg, seier ein av karakterane i desse novellene av Gunnhild Øyehaug, som har fått kritikarar i to tiår til å ta fram karakteristikkar som «blendande», «sylskarpe», og «virtuose». Om novellene handlar om ei jente som nektar å spele piano for bestefar sin, eller romvesen som kommuniserer gjennom polaroidbilete, eller om nokon som opplever at alt dei tek i blir til slimål, står det menneskelege i fokus, og smerta og ekstasen i det å ha eit medvit. Gunnhild Øyehaug sitt forfattarskap er eineståande og vrir kaleidoskopisk på novelleforma, «ein meister for vår tid», har det blitt sagt. Samla noveller inneheld alle novellene Gunnhild Øyehaug har utgjeve i bokform, og inkluderer Knutar + (2004/2012), Draumeskrivar (2016) og Vonde blomar (2020), samt ei nyskriven novelle. James Wood har skrive etterord.«Det er nettopp i dette magiske grenselandet Gunnhild Øyehaug sine forteljingar eksisterer, grenselandet mellom det ekte og det biletlege, mellom støleik og forandring, mellom subjekt og objekt. Og der forteljinga reiser i stor fart fram og tilbake langs denne grensa, blir ho sjølv det opphøgde objektet, skimrande i superfantastisk utstråling.»James Wood, frå etterordet til Samla noveller
| Bokhandel | Pris fra | Pris oppdatert |
|---|---|---|
![]() | kr 259,-Laveste pris | 05.07.2026 |
![]() | kr 272,- | 05.07.2026 |
![]() | kr 272,- | 05.07.2026 |
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.