I over hundre år var sand og sandfart den viktigaste levevegen for folket inst i Osterfjorden. Næringa gav arbeid og inntekt til mange både på sjø og land. I denne boka møter du nokre av dei som på godt og vondt tilhøyrer denne historia. Dette er ei bok om singel og sand. Men det er like mykje ei bok om folk, fjordafolk som opplevde eit eventyr som skulle vara i godt over hundre år. Det er historier om dei som «reiste på sanden», om dei som grov singel og sand frå bakkane sine og om kvinner og ungar som gjerne skulle hatt mennene og fedrane sine litt meir heime.Forfattarane Inge og Jarle Kallestad har bakgrunn som journalistar i radio og avis. Brørne vaks opp i Stamnes, i ei tid då lyden av fleire titals sandfartøy fortalde at det lei mot helg. I vekene var det kvinnene som styrte heime, medan mennene reiste i fjordafart med lasterom fulle av singel og sand. Boka er komen i stand på initiativ frå Veteranklubben Sjøtun, som i årevis har vore ein samlingsstad for fartøyfolk med gode historier om ei tid som var og som aldri kjem igjen.

Tilgjengelig fra kr 299,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.
