15. juni 1184 stod det endelege slaget mellom Sverre Sigurdsson og Magnus Erlingsson, som begge hevda at dei hadde krav på den norske trona, i Sogndalsfjorden ved Fimreite. Tusenvis av hærmenn kjempa i timesvis og fire langskip gjekk under. Likevel er det gjort få arkeologiske funn etter hendinga, og det er mykje vi ikkje veit – mellom anna kvar i fjorden slaget stod. Sannsynlegvis ligg det framleis metall, steinar eller treverk på botnen av fjorden som ventar på å bli oppdaga. Er det mogleg å finne restar etter slaget med hjelp av dykkarar og moderne teknologi i dag? I boka følgjer vi forfattar Rune Timberlid si lidenskapelege jakt etter spor som kan kaste nytt lys over historia. Vi får òg lese om den spennande og dramatiske opptakten til slaget – og får ei levande skildring av kampen der Magnus Erlingsson til slutt måtte bøte med livet.
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
