Uvdal stavkyrkje fascinerer tusenvis av besøkande kvart år. Ho er ikkje av dei største eller mest avanserte stavkyrkjene, men ho er ei av dei mest autentiske. Heile livshistoria til kyrkja er bevart – frå mellomalderen til vår tid.I denne boka får stavkyrkja fortelje si eiga historie. Det er ei forteljing om kontinuerleg bruk. Gjennom hundreåra var dette bygget eit midtpunkt i tilværet for folket i Uvdal. Tru, ritual og tradisjonar har i 850 år sett avtrykk i bygget – og i samfunnet.Slik blir den vesle kyrkja ein portal inn i den norske kulturhistoria. Forteljinga hennar blir noko meir enn soga om ei einskild fjellbygd. Dei aller fleste nordmenn budde på små stader som Uvdal. Over tusen trekyrkjer knytte desse menneska saman i ulike fellesskap; med kvarandre, med Gud og forfedrane, og med Nidaros og Roma, ei landsomfattande og verdsvid kyrkje.

Tilgjengelig fra kr 550,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.
