Bekymrar du deg for kjemikalia du får i deg og vil helst leve eit naturleg liv? Eller er du litt lei av maset om miljøgifter? «Vårt kjemiske liv» tar for seg dei kjemiske stoffa vi møter på i kvardagen. Mange av dei har utan tvil forbetra verda, men nokre kan også ha biverknader, som å hope seg opp i miljøet eller klusse med hormonsystemet vårt. Miljøgiftene finst overalt, i maten vi et, i drikkeflaska av plast, i hudkremen og sminka, i leiketøy og mobilar, og til og med i klede. Og dei er mistenkt for å gi auka risiko for ei lang rekke helseproblem, frå infertilitet til kreft. Unni Eikeseth har snakka med forskarar, miljøvernarar og kjemikarar som er opptatt av miljøgifter på ulike måtar. I boka møter du biologen som fann hormonhermande miljøgifter i flaskevatn, miljøvernaren som oppdaga at det blei tilsett fluorstoff i sminke og legen som vil finne ut kvifor jenter kjem tidlegare i puberteten enn før. Boka fortel også historia om kjønnsforvirra purpursniglar, og korleis det førte
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår for de tilgjengelige bokhandlerne.
Boktyven fører dessverre ikke prishistorikk for denne boken, da det ikke er en del av hovedutvalget vårt.
