Georg Büchners Woyzeck er den største og viktigaste klassikaren i tyskspråkleg dramalitteratur. Stykket er eit marerittaktig fragment basert på ei sann historie om Woyzeck, ein soldat som drap kjærasten sin i Leipzig i 1821. Med innsikt og sosial harme portretterer Büchner soldatens desperasjon. Det er ei samfunnskritisk historie med innslag av svart humor. Woyzeck sel seg for tvilsame medisinske eksperiment i den daglege kampen for å overleve. Fysisk og psykisk øydelagt blir han paranoid, og då han oppdagar at kjærasten hans er utru, lyttar han til stemmene i hovudet sitt og tek livet av henne. Verket blir stadig sett opp i ulike versjonar utan fastlagd rekkjefølgje på scenane, sidan Büchner døydde før han fekk fullenda verket. Rekonstruksjonen til Werner R. Lehmann er den som ligg til grunn for dei fleste oppsetjingar og omsetjingar, og den ligg også til grunn for Jon Fosse si omsetjing. Woyzeck blir spelt på Det Norske Teateret hausten 2014, i regi av regissøren Robert Wilson med musikk av Tom Waitz. Omsett av Jon Fosse. Utgitt i dramaserien, redigert av Jon Fosse.

Tilgjengelig fra kr 389,-
Klikk her for å se hvem Boktyven anbefaler basert på pris og leveringsvilkår.
Boktyven oppdaterer prisene automatisk en gang i uken.
Boktyven baserer billigste levering på siste pris fra bokhandel, pluss leveringsinfo funnet på bokhandelen sin nettside. Noen ganger kan det være spesielle leveringstilbud som vi ikke har sett.
Boktyven kjører en prissjekk hver mandag klokken 09:00 på bøkene du har registrert varsling for. Hvis prisen har falt får du en e-post. Merk at dette er et engangsvarsel – etter at du har mottatt varselet slettes det automatisk. Prisvarsler utløper etter 3 måneder, og du får da beskjed per e-post.
